søndag 2. august 2009

Sæterliv




I dag besøkte vi Lappetausa m/fam på hytta deira på Heida. Vi damene gjekk tur langt opp i Havsåsbotnen og såg på utsikta. Kan sjå i fjorden og Sørland derifrå. Mange kyr på sommarferie på sætra + sauer og hestar. Kyrne var litt bryske når Tinka-voven yppa seg, men Audhild ordna opp, så vi kom velberga forbi flokken. Artig for Audhild og Kristine å snakke med dei flotte hestane på sætervollen. Selet på bilda er der oldemor Astrid var sæterjente då ho var ung. Det kvista treet står ved eit bustadhus i Remmedalen. Det vart kløyvd og kvista av lynet for nokre veker sidan.

2 kommentarer:

Besta sa...

No veit eg ikkje akkurat kvar denne setra ligg,men den liknar på andre setrar eg har vore. Blir heilt nostalgisk når eg ser bilda.

Elin sa...

Besta (og besten) lyt kome og besøkje oss på hytta!
Så fine bilete du tok, takk for kjekk tur!