fredag 21. august 2009

Gratulerer Helene, Stig og Ole med bursdagar i august

Nostalgia-bilde, frå 1997? Her er 9 av barnebarna våre + 2 tantebarn, truleg frå ei bursdagsfeiring m/bading i elva på Os (kanskje OK sin bursdag?). Dei to minste barnebarna var ikkje fødde då, men dei har eg blogga fleire gonger tidlegare.

I august mnd. har 3 av barnebarna våre bursdag, Ole Kristian den 7., Stig André den 16. og Helene den 21. (altså i dag).
Ole feira 21 års dagen sin heime på Os, han skal pendle til Volda dette studieåret og ta årsstudium i norsk og offentleg rett.
Stig sin 19 årsdag vart ikkje feira med familieselskap i og med at han då var flytta til Bergen. Han studerer språk og kommunikasjon ved universitetet.
Hestejenta Helene er konfirmant til våren. Ho og fleire i fam. har influensa, så der også må ein utsetje feiringa.

3 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Eit koseleg bilde dette!

Besta sa...

Vi gratulerer august-borna med at dei har blitt eit år eldre, og ønsker alle sjuke god betring! Koselig bilde!

ariel sa...

Koseleg bilete! Gratulerer med dagane og god betring til dei sjuke!