tirsdag 11. august 2009



I dag vakna vi til skodde og regnvér, men det kom seg utover dagen. Rosebuskene held på med 2. blomstring, dei har fått lite stell i år, men ser ut til å klare seg bra likevel. Kristine, Ingrid, Øyvind og Viktor har vore her på besøk. Vi måtte finne på eit kvart, og då vart det sjokoladekake-baking, torskemiddag, joikakaker og puslespel med 500 bitar. Besten og Viktor var ute i hagen og jobba med hagestova som no er ferdig. Kjekt med eit utetak no når det haustast. I morgon startar 3 dg. fotballskule for K, noko ho gled seg til. Ingrid er vikar i skobutikken, så ho er opptatt nokre dagar i veka med det. Helene steller i huset, litt ekstrajobbing i dag for dei fekk levert ny komfyr, noko dei verkeleg trengde. LM bloggar vel litt om den. Hestane er framleis på utebeite, så dei klarer seg sjølve, men dei har seg ein ridetur for dag. Henning er byrja i bh. igjen, så no er det snart tilbake i gamalt gjenge igjen.

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg har berre ein kommentar:Barnebarna på Hildegard er heldige! Dei forstår det kanskje ikkje fullt ut no, men ver sikker på at dei kjem til å skjøne det når dei blir eldre.Her har vi hadde det nokså grått i heile dag, noko som merkast på kroppen også.

ariel sa...

Det var eit koseleg innlegg! Kjekt å vite korleis alle saman har det.

Lappetausa sa...

Både barnebarn og besteforeldre er heldige!