lørdag 8. august 2009

Frå Mø til Mor


Ja slik kan det gå, det var Besta som fekk jakka, fargen passa visst best for ei gråhåra mor. LilleMø og Viktor kom på besøk i dag med overraskinga. Kristine er ivrig fotograf og eg let det stå til! I dag reiste Stig med flyttelass til Bergen, veslesysta ville ikkje vere med, så då vart det endå eit par overnattingar hjå besta og besten! Det har vore ein livat sommar på Hildegard i år.
Litt vemodig no når Kris blir i Ålesund og Stig (og Renate) i Bergen, men det er livets gang - ein får glede seg med dei unge som har lyst å ta utdanning.

5 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Den var fin til deg!

Besta sa...

Gratulerer med ny, fin jakke. Like fin til mora som til dottera!Eg får seie som Solveig:Det er trist når dei unge reiser heimanfrå, men verre om dei blir verande heime(etter at dei skulle vore utflytta).Det er livets gang.Vi får berre ønske dei unge lykke til og håpe at det går dei godt.

solveig sa...

Jakka kledde deg! Når ein ser seg rundt, er det ein del unge menn som bur heime hos foreldra, utan å gå på skule eller vere i arbeid. Det er ikkje sunt! Heldigvis har dei både mobil og internett!

LilleMø sa...

Kledde deg mykje betre enn meg:-)Håpar du kjem til å bruke den mykje.

Elin sa...

Gratulerer med ny jakke! Eg er spent på neste prosjekt...!