torsdag 6. august 2009

Kanelsnurrar til Ole



I går lokka Kristine meg på Europris for å kjøpe bakematte - og i dag måtte den prøvast. Ho fann oppskrift på nettet - og så var det berre å setje i gang. Besten og Hans for på sjøen, Henning kom her for at mor og far skulle få seg ein tur på Os-sætra etter middag. Føre middag var Ingrid og Viktor her ein tur, kjekt å ha barnebarna så nær. I morgon er Ole 21 år (før var det myndighetsdag) og då blir det vel ei lita samling, vil eg tru.

5 kommentarer:

Besta sa...

Kristine ser ut til å bli eit bra husmoremne, kjekt med folk som har tiltak til både det eine og det andre.Og så får du skrive om korleis du likar bakematta. Eg hadde noko liknande ein gong, men den vart aldri brukt, så den kasta eg rett og slett.
Gratulerer OK med dagen i morgon!

Elin sa...

Koselege bilete, ja, eg har også hatt ei matte, ga den vekk, så kom igjen og sei kor du likte den...

solveig sa...

Er det berre eg som likar bakematte? Eg synest den er flott til brød og kjevling, men til bollar ligg den ikkje nok i ro!
Ho har gode gryteklutar ser eg! Du kan helse henne å seie at det er mange på ungdomsskulen som ikkje torer å ta ut av omnen!

Hildegard sa...

Bakematta var fin til kjevling, får prøve bollar og brød seinare. Det vart også litt matematikk i og med at det var avmerka cm og cirklar på matta. Det vart også overnatting av dei to minste, så no er vi klar til skulestart.
Eidabesta

arieldog sa...

Kveitebakst er utruleg godt, uansett om ein held seg på matta eller ikkje... No vart eg inspirert!