lørdag 29. august 2009

Recital (konsert) med Denyce Graves

I kveld skeia vi ut og gjekk på konsert i operaen og høyrde på mezzosopranene Denyce Graves frå USA. Dyre billettar, men greitt å støtte opp om operaen når dei får ei så fantastisk songarinne til vesle Nordfjordeid.
Har tidlegare lytta til henne på Youtube der ho bl.a. syng frå Carmen og "Lord's Prayer" i presidentbegravelsar i USA.

4 kommentarer:

Besta sa...

Eg synest det er heilt fantastisk at det har kome Opera på Eid.Slik er det når ein har eldsjeler som verkelig vil noko, og får støtte av folket! Flott at de støttar opp om konsertar og andre arrangement. Når ein ser kva ungdommar betaler for konsertar med kjende band etc., så må vaksne ha samvit til å bruke pengar på slike ting også.Eg las om denne songarinna i avisa. Det var visst einaste konserten ho skulle ha i Norge, eller tek eg feil?

Hildegard sa...

Einaste konserten i Skandinavia i år. Ho har vore i Norge 2 gongar tidlegare, bl.a. ved Nobelprisutd.
Meir å lese på Fj.bl. og Eidaportalen sine heimesider + Opera Nfj. si side, sjølvsagt.
Eidabesta

Lappetausa sa...

Dette var kjekt å sjå! Det var sikkert ikkje dyrare enn Madonna...

Lappetausa sa...

No har eg vore på youtube og høyrt på begge desse songane, det er jo berre heilt fantastisk. No gledar eg meg til Carmen i oktober!