torsdag 3. september 2009

Bursdagar i september


Bilda er frå turar i Stigedalen(Movatnet) og Kalvåg (Gildreneset) i år.
I dag fyller nest yngste (og tiande) barnebarnet vårt 9 år. Gratulerer med dagen Kristine!
Ho er ei sporty og festeleg jente som "held liv" i besteforeldra og familien forøvrig!
Dagen skal feirast med pysjamas-selskap etter skulen i dag. Familiebesøk blir det vel i helga. Dagen må ho dele med niesa mi, Anna Pernille (38) og tidlegare gode kollega Liv Janne (51). Når eg ser igjennom fødselsdagsboka som eg har hatt i mange år, er det fleire slektningar som har bursdag i september. Eg kan nemne farfar Rasmus i Torvika den 1., tvillingsystrene hans, Astrid og Inga den 2. (dei var 14 syskjen som levde opp). Morfar Peder i Remmedalen den 28. Det blir alltid litt mimring når nokon fyller år - det blir berre verre med åra.

5 kommentarer:

Besta sa...

Vi gratulerer Kristine så mykje med 9-årsdagen i dag.Ho ser ut til å vere ei livat jente, og etter det eg forstår er ho mykje hos besteforeldra! Vi har ingen bursdagar i september, held oss stort sett til 1.halvår, med nokre unntak.
Møyfrid hadde bursdag den 26.sept.Ho var fødd i 1906.

Elin sa...

Du må gratulere Kristine så mykje med dagen, ho skal få ein peng med meg når vi treffast, tenkte ikkje på det då de var her.

solveig sa...

Koselege bilde!
Gratulerer frå Hareid!

Hildegard sa...

Ja eg har notert Møyfrid og Ellen Marie. Tante Astrid (Jon-Astrid) i Torvika, har også bursdag snart. Ho blir 92 og køyrer framleis bil!
Eidabesta

arieldog sa...

Gratulerer til Kristine!