mandag 14. september 2009

Gratulerer med valdagen!

Ja no er det gjort, Besten og eg har vore på Rådhuset og stemt både på stortingsvalet og kyrkjevalet. Oddvar er formann i røystestyret ved stv. og han var på plass. Vi er heldige som bor i eit demokratisk land. Besten har det travelt, skal hjelpe ein pensjonistvenn med motoren i båten hans. Alltid nokon som treng hjelp. Eg er funksjonær ved kyrkjevalet, og har vakt frå kl 17.00.

2 kommentarer:

Besta sa...

Vi har bestemt oss for å ikkje stemme ved kyrkjevalet. Vi har ingen informasjon om kva dei einskilde representantane står for, og kjenner berre få av dei. Eit anna år må dei vere flinkare å informere veljarane.
I Stortings-valet blir det raudgrøn, DET er i alle fall sikkert.
Nils klipper plenar, må nytte godveret.I morgon har han planar om å fiske.

Hildegard sa...

Kjekt at Jens fekk fornya tillit, det fortener han. Kyrkjevalet, eller soknerådsvalet, betyr kanskje mest for dei som bur i små sokn der dei fleste kjenner kvarandre. Tidlegare har valet foregått etter ein preikesundag. Også Statskyrkja er i endring og under modernisering. Det er viktig å ha dyktige folk i sokneråda. Dei skal bl.a. øve press på politikarane for å få midlar til vedlikehald av kyrkja og kyrkjegarden og alt som vedkjem denne "kultursida" i samfunnet vårt. I Eid var det overraskande stor deltaking til dette valet.
Eidabesta