mandag 28. september 2009

Nostalgia


Dette er ein konkurranse.
Kor tid er bilde 1 og 2 frå ca.? Kven ser vi på bilda? Kor henne er dei tatt?

7 kommentarer:

Lappetausa sa...

Eg veit no kven og kvar, og sånn noko lunde årstal, men vil vente med å avsløre...

Besta sa...

Er lurer på om dei tre på øvste bildet er Audny, Marta og Hilde?I så fall er året 1967?
Dette var vanskelig!

ariel sa...

Er rimeleg sikker på Hilde - ho er lik seg! Ville ha tippa det same som Besta, men det biletet under har eg inga peiling på...

Besta sa...

Eg er ikkje sikker, men har ein mistanke om at det kan vere Bodil-det er noko ved munnpartiet som minner...?No er eg spent på løysinga.

Lappetausa sa...

Det er Audny, Hilde og Marta Jenny på det øverste biletet, mest truleg teke i Torvika, og årstalet må vel vere 1967.
Det nederste biletet er Bodil Ingeborg nedanfor gamlehuset på Slettebøen, året kan vel vere 1946 eller -47, trur eg tippar 1947.

Hildegard sa...

Lappetausa har rett svar. Trekløveret var mykje i lag då dei var små. Artig med vinterveden som låg klar til oppsaging mellom bislaget og vedahuset i Torvika. Far var alltid nøyen med at vi hadde tørr og rikeleg ved.
Er litt usikker på 46/47, vi bodde mest i Torvika og litt på Slettebøen, før vi flytta inn i huset på Stykket tidleg i 1947 då Anne Marie var fødd. Budde der berre i vel 3 år før vi måtte flytte ned på garden og bli bønder.
Eidabesta

Lappetausa sa...

Det er jo eit vårbilete med løvetann, og du må no vel vere 2 år her, eller var du stor for alderen?