fredag 23. oktober 2009

Seinhaust i Kalvåg


Denne veka var det gode vermeldingar, så vi tok turen ut i Kalvåg og til hytta for å stenge for vinteren. Vi har nettopp "mista" sola, så det var ei stor oppleving å kome ut til kysten. Der var det reine sommaren og vi angra nesten på at dette skulle vere siste turen for i år. Mørkret kom tidleg, men med klart ver og berre ei fyrlykt som lyser opp, var det eit fantastisk skue å sjå stjernehimmelen over hav og land. Besten rydda tre og busker som stengde for utsikten ut i havet. Grantreet var fint då det var mindre, men no hadde det tapt seg, så det måtte til pers. Same vegen gjekk det med eit par rogntre.
Det er lagt ut eit stort hyttefelt på Gildreneset. Der er dei no nesten ferdige med vegen som startar i nærleiken av vegen til fergeleiet på Smørhamn og snor seg over fjellkammen og ned til sjøen på nordsida. Dette er eit solrikt og flott hyttefelt der mange frå innfjorden alt har bygd seg hytter. Roleg og fredeleg i Kalvåg no, stor skilnad frå sommartida då det er fullt med turistar som skal fiske og nyte vakker natur.

1 kommentar:

Besta sa...

Å komme ut til havet i finever er aldeles som eit eventyr.Men eg kjende det då vi var på Vigra sist fredag at vinden var kald,ja!!!