torsdag 27. august 2009

Hausttur til Bergen

To dagers tur til Bergen, mange år sidan sist, for Besten ca 20. Stein skulle nedover med TV til studenten og vi hengde oss på. Vanskeleg med hotell, men fekk oss eit dyrt og fint rom på hotell Norge, Stein overnatta på hybelen til Stig. Bergen er utan tvil ein fin by, sjølvsagt best når veret er bra, fint på onsdag. Mange turistar, studentar og folk på møter og konferansar. Bildet er frå "Den blå steinen" ved hotellet - ein skulptur som eg først trudde var nokre steinar som var flytta på i samband med kommunalt arbeid! Visst nok ein møtestad for studentar. På heimvegen var vi innom IKEA og Biltema i Åsane - så det var full uttelling. Seine kvelden før vi var heime.

4 kommentarer:

arieldog sa...

Sikkert koseleg med ein bytur! Øystein og eg var i Bergen i juni, på sensurmøte, og det er ein triveleg by med mykje liv og røre.

Elin sa...

Det skal ikkje alltid så mange dagane til før ein er fornøgd, eg snakkar av erfaring...

Besta sa...

Ein gong i tida var eg bra godt kjend i B.Det er snart 8 år sidan vi var der, i november månad, og feira fødselsdagen til Rolf.Fin by og lett å orientere seg i.

Hildegard sa...

Kjekt at Lappetausa er på lufta igjen. Enig i at ein i grunnen er fornøgd når ein har vore heimafrå eit par dagar.
Eidabesta