fredag 7. mai 2010

Bursdag og veteranbil vår-slepp 06. mai



Øverste bilde kjem eg ofte attende til, veteran det også. Besøk hjå syskjenborna i Ørsta tidleg på 70-talet. Han som var 41 år i går, sit til høgre på bildet. Midterste og nederste bilde er frå veteranbil-utstillinga ved den nyopna Bil Extra-butikken i N.eid i går. Jeepen til Besten blir liten samanlikna med cabincruserane til Lakken. Amerikaneren er eigd av ein annan medlem i veteranklubben. Den er til sals.

3 kommentarer:

Besta sa...

Hugsar at det var litt av eit styr å få alle 6 med på eitt bilde. Her gikk det i boks mot at M fekk ha på seg ein kjole som Rasmus hadde vunne på basar, og S I fekk ha hua på seg. Dette er alle barnebarna til mamma og det var berre 6 år mellom den eldste og den yngste.
Artig å sjå på gamle bilar, men dei sluker for mykje bensin til at dei er brukarvennlege.Mange store fine båtar i hamna her, om sommaren er det segling/regatta kvar onsdag.

Elin sa...

Jeepen er berre så stilig!
Kjekt med det gamle biletet.

STRIKKEMOR(O) sa...

Koseleg dette bildet! Hugsar godt då det blei tatt!