lørdag 22. mai 2010

"Vaktmeisteren" på hytta

På hytta er det stille og fredeleg, og våren og sommaren er finaste tida der ute, før knotten kjem og gjer det utriveleg viss det er vindstille. Ein høyrer berre lyden av bølgeskvulp, fuglekvitter og motordur frå ein og annan fiskebåt på sjøen. Når det gjeld dyrelivet, er det eit par bønder som har sauene på beite i området. Vi ser også ørner og oter. Tidlegare år beundra vi hjortane som beita i marka, men truleg er desse dyra no tatt av jegarar. Granskogen har vakse mykje desse 15 åra vi har hatt hytta, så der er gode gøymeplassar for hjort og andre dyr. Siste par åra er vi blitt merksame på ein røyskatt som fer og smett. No når vi har drive og beisa hytta, har vi nok uroa han meir enn vanleg. Iflg. internett, der eg har henta dette bildet, er røyskatten eit nyttedyr å rekne fordi han held sæterhus, hytter og kjellarar fri for mus og smågnagarar. Pelsen, som om vinteren er kvit, heiter hermelin. I gamle dagar vart den mykje brukt til kapper etc. for rikfolk og kongar.

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg har merka at etter som eg vert eldre vert eg meir oppteken av naturen,og SER mykje meir enn før, både av fuglar og dyr.Hjort hadde vi heilt ned i byggefeltet sist vinter, faktisk har eg også sett rev ein gong eg var på veg til jobb.Lurer på om det har tatt seg opp med ville dyr i skogane våre? Det blir vel drive mindre jakt enn før? Ein gong då eg var lita, kom det ein røyskatt heilt inn på kjøkkenet vårt.Nydelig ved havet i slikt ver, men det har vore fint her også.

STRIKKEMOR(O) sa...

Fint at dokke har ein liten vaktmeister på hytta. Han gjer sikkert ein god jobb. Mus er ikkje kjekt!!