søndag 23. mai 2010

1. Pinsedag

I dag fekk vi tlf. frå Kristine at hurtigruta "Fram" låg nede ved moloen. Vi tok derfor ein snartur ned på kai og tok bilder. Turistane som var med båten, vart frakta i småbåtar (RIB) inn til flytebryggja slik at dei kunne ta seg ein spasertur i sentrum.

Golvsengane byggjefelt:
Feltet mot sør-aust sett frå Kvh.v.

Feltet mot sør-vest sett frå Kvh.v.
Nyevegen vestover frå Fossevegen og Eldretunet. Til høgre kjem ny 8 avd. kom. barnehage.

Fin utsikt frå kaia bort til Strandpromenaden og opp til Golvsengane og Myklebuståsen. Huset til Stein ligg midt på bildet, raudt m/ark nedover. Tok oss ein snartur opp dit og tok bilder. Det er full aktivitet der no etter mange års ventetid for dei som har tegna seg på tomter.

2 kommentarer:

Besta sa...

Veldig kjekt å få sjå bilde frå Eid og få orientering om det som skjer på byggefronten. Ikkje mykje att av det Eid som eg kjende. Golvsengane var ein gard der det budde ei jente som heitte Solveig. Ho var eitt år eldre enn eg og vi gjekk i samme klasse eitt år, den tida folkeskulen var 6-delt.Huset ho budde i står enno, ser eg.
Vi har halde oss inne heile dagen, men kanskje det lysnar opp i morgon?

solveig sa...

Skodde langt ned i fjella her i dag. Trist for turistane.