mandag 31. mai 2010

45-års jubileum dåpsdagen til Audny

I dag er det 45 år sidan Audny vart døypt i Stårheim kyrkje. Det var ein stor dag for stårheimarane, for kyrkja vart opna igjen denne dagen etter eitt års innvendig restaurering.
Då vi gifta oss i juni året før, var kyrkja i "gamal drakt". Meininga var at farmor Amanda skulle vere gudmor, men ho var så uheldig å bryte ein arm like før, så derfor vart mormor Astrid gudmor til første barnet vårt. Litt trist var det at ingen av Svein si familie var med i barnedåpen. Amanda var rekonvalesent på Raudeberg hjå Olaug. Ho hadde 2 små born å ta seg av, Solveig (knapt 2 år) og Rasmus (7 mnd). Dei hadde ikkje bil den gongen, så det var tungvint å reise. Då eg leita i eit gamalt album, fann eg dette bildet av 4 generasjonar på morssida. Artig å sjå kor stram oldemor Bella var, 75 år gamal. Oldefar levde også, han var 83 år og døde i febr. året etter, Bella levde til ho var 92. Momor Astrid var 45 år og eg var 20. Den tida var myndighetsalderen 21 år, så det var Svein som vart min "formyndar" i 2 år då vi gifta oss.
Bildet er tatt ute ved tuntreet i Torvika, der vi budde første året vi var gift. Vi flytta inn i andre etg. på Hildegard til besteforeldra til Svein på 20-årsdagen min, Audny var då 3 veker gamal. Det var stor stas å få eiga leilegheit med innlagt vatn og utslagsvask. Ja det var tider det!

3 kommentarer:

Besta sa...

Det er så kjekt at du deler desse "gamle" historiene med oss.Noko hugsar ein, men ikkje alt.
Men eg meiner at vi budde på Eid då mamma braut handa.Nils var i Høyanger den sommaren,dvs. eit halvt år. Mamma braut handa dagen før Kristi Himmelfarsdag, eg braut handa året før, dagen etter Kr.h.d-eller var det omvendt?( Det er dette samantreffet som gjer at eg hugsar det)Mamma ville ikkje fare i barnedåp med broten arm, og ikkje kunne ho passe borna mine heller i den tilstanden.
Eit fantastisk bilde.Tenk kor unge alle var den gongen, og for ein fin sommar vi hadde det året.

ariel sa...

Eit koseleg innlegg! Artig å lese det om myndigheitsalderen. Trur ikkje dei er stort vaksnare no i same alder.

solveig sa...

Og artig å sjå kor stor familien/familiane er blitt.