lørdag 1. mai 2010

Gratulerer med dagen!

Har søkt litt informasjon om 1. mai (Arbeidernes internasjonale kampdag) på Wikipedia, mykje interessant historie der. Frå slutten av 1800-talet og langt fram på 1900-talet var denne dagen for mange frå arbeiderklassa større enn 17. mai. Vanskeleg for oss å forstå i dag, då feiringa helst foregår i dei større byane. Fleire andre enn dei sosialistiske partia nyttar no dagen for taler og valkamp, bl.a. Frp. Dette bildet er kopiert frå W og viser feiringa i Sel i Gudbrandsdalen i 1910.

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg synest det er dårlig gjort at ikkje denne dagen for stå for det den opphavelig var meint for.Lat arbeidarrørsla få ha dagen sin i fred ! Mange har vore med å kjempe fram dei rettane vi har i dag! Det har vore ein hard kamp-ingen ting kjem av seg sjølv.

ariel sa...

Vi har dei rettane, men det gjeld slett ikkje alle. Der er mykje som står att å arbeide for - spesielt internasjonalt. Gratulerer med dagen!