fredag 1. august 2008

"Drømmedag på Os-sætra"

Planen var at eg skulle passe Henning og at Strikkemor skulle ta seg ein trimtur åleine, har visst nok mykje å ta igjen etter tre veker i USA. Så ville småen vere med og eg fekk tilbodet også. Vi brukte lang tid med prating, drikking, sjokolade m.m. Vakkert når vi endeleg kom opp, og då var det berre å hive seg ut i vatnet og kjøle seg ned - herleg! Vi hadde med niste og kaffi, og etter arbeid kom Strikkefar opp med ny forsyning. Turen nedover er noko nifs - etter mi oppfatning - men dei som er trena å gå der, reagerer ikkje på det, mykje folk brukar denne stien som trimløype. I går var ikkje trafikken så stor, så vi hadde det fredeleg. Småen var utruleg flink, gjekk åleine både opp og ned på i den bratte stien. Vel nede, gjekk turen for Besten og meg til fergekaia for å hente Lappetausa som skulle ta nattbussen til G-Oslo for vidare tur til Madrid! Strikkemor har tidlegare lagt inn mange fine bilder frå setra og vatnet på sin blogg, kjem vel med fleire frå denne turen.

1 kommentar:

Elin sa...

Hola fra Madrid!
Her er det fantastisk, Inmaculada oppvartar meg etter alle kunstens reglar. Vi planlegg spasertur eit anna aar, Santiago de Compostela...hehe, da kan det bli meir aandeleg foede. Eg skal legge meg i hardtrening naar eg kjem heim.
Bra du kom deg trygt ned fra Ossaetra. Spraekt!