mandag 18. august 2008

Nytt kamera

Besten har fått slik tru på meg som fotograf etter at eg nyleg fekk "antatt" eit bilde i Fjordabladet, så det vart kjøpt nytt kamera på laurdag. Sommartilbud på Canon digital IXUS 95015, heilt enkelt kamera med stor LCD-skjerm og søkjar, slik at det skal vere enkelt å ta bilde, sjølv for "svaksynte". Eg merkar at eg treng meir tid på å setje meg inn i nye ting, så det var greit å kjøpe kameraet før Englands-turen. Besten har eit ganske godt kamera, men det er for stort å drage på. Her er ein liten smakebit frå godstolen på verandaen.
Laurdag var vi også innom Gamlebanken og såg på jubileumsutstillinga til Øyvind Botn (80 år i morgon, syskjenbarn av far, bor i barndomsheimen til farmora mi). Vi snakka både med han og kona Elisabeth som også er kunstnar - spesielt skulpturar.

2 kommentarer:

ELIN - "The quilt maiden" sa...

Gratulerer med nytt kamera!
Her går det i hundre og vel så det, mykje nytt å setje seg inni, og det må gjerast på "ubunden tid"...(kveld). Ingen blogging første veka!

Besta sa...

Gratulerer med nytt kamera. No gler vi oss til mange fine bilde frå Englands-turen.
Eg har eit lite nett kamera som eg lett får plass til i handveska elle ein lomme. Det er kjekt, men er synest at desse som har større kamera får betre bilde. Det KAN no vere at somme er flinkare fotgrafar enn andre også.