torsdag 14. august 2008

På gjengrodde stier.....

Kyrkja i Heggjabygda

Flatene på Åsebøstø, huset var opprinneleg ei røykstove.

I dag var det høveleg ver for biltur - så etter kaffien på Eldretunet, tok vi med mor mi på køyretur. Ho likar godt å bile og når Besten er sjåfør er det topp! "Eg har tenkt so på Heggjabygda i dag..." sa ho - og dermed gjekk turen opp dit. Lenge sidan sist. Vi køyrde inn til kyrkja som ligg vakkert ved Hornindalsvatnet. På vegen oppover køyrde vi forbi Lindvika der tante Nanny i Remmedalen vaks opp, ingen igjen der, og garden er seld som tilleggsjord til nabobruket, men stova og låven står framleis. Eit stykkje oppe i Åsebøstøbakkane ligg Flatene.Oldemor mi, Ingeborg Knutsdotter Åsebøstø, vaks opp her. Oldefaren min, Ola Pederson Åsebø var frå sjølve Åsebøen, når ein kjem opp på høgda. Dei flytta til Remmedalen og kjøpte seg gard der. Sonen, Peder overtok garden i 1916 og han var far til mi mor. Sikkert mykje interessant historie der viss ein vil granske på det - kanskje ei oppgåve for Besten til vinteren?

8 kommentarer:

Besta sa...

Sikkert ein fin tur. Med oss vart det opp i ingenting i dag, trudde ungane skulle komme i morgon, men dei kjem ikke før laurdag.
Eg meiner at svigersonen vår langt ute er i slekt med Astrid, men ikkje korleis. Kanskje ei oppgåve for slektsgranskaren?

ariel sa...

Åsebø er namnet på ein gard i familien til Lars, ja, men det erikkje så uvanleg namn heller.

Anonym sa...

Fine bilder frå turen. Eg trur du har utvikla deg som fotograf, sidan du til og med får bilde på trykk i avisa..... he he
Hilde

Besta sa...

No vart eg nysgjerrig.Har du hatt bilde i Fjordabladet, eller?

Hildegard sa...

Ja, same som er på bloggen dat. 05.08 av briggen (seglskuta). Må nok ha meg ei nytt kamera viss eg skal bli frilance fotograf.
Eidabesta

STRIKKEMOR(O) sa...

Du får kjøpe deg eit i England, kanskje det er billegare der!?

Besta sa...

Margrete har nettopp kjøpt nytt kamera. Skulle hatt eit betre apparat sjølv.Eg synest du tek fine bilde.Det kjem no an på fotografen også!

Hildegard sa...

Desse bilda var tatt med Besten sitt kamera. Eidabesta