søndag 31. august 2008

Mamma Mia

I går kveld var det ekstraframsyning av filmen Mamma Mia. Kristine hadde høyrt av ei jamaldra venninne at filmen var "kjempegod". Far/mor hadde ikkje høve å følgje henne, så då vart det til at eg let meg overtale. Besten hadde ikkje lyst på kino, ville heller mekke i garasjen. Det vart ei interessant oppleving, flott ABBA-musikk, flott filming, og til tider morosam, men etter mi meining noko hektisk med høgt lydnivå. Slik er det - ein merkar alderen. Føler heller ikkje at det var nokon barnefilm. Damer i panikkalderen som "slær ut håret" er vel ikkje akkurat noko underhaldning for småjenter? Då eg har sett skodespelarane i betre filmar/TV-seriar, vart eg litt skuffa. Filmen "flyt" nok på kjende skodespelarar og god ABBA-musikk. Men kanskje det er ein slik film som ein berre MÅ sjå? Det blir vel til at eg kjøper DVD-en når den kjem og ser filmen i lag med Besten!

4 kommentarer:

ELIN - "The quilt maiden" sa...

Det var ein god ide. Eg trur opplevinga blir annleis ilag med han. Einig i lydnivået, men eg tykte Maryl Streep gjorde sakene sine veldig bra, som vanleg!
Ingen utprega barnefilm.

solveig sa...

Eg trur jentelaga såg denne då dei var i Oslo på Norway Cup.
Det er ein sånn "må sjå" film for jenter i alle aldrar.
Vi er ikkje flinke å gå på kino.
Etter eit halvt år, kjem dei fleste filmane på Viasat.
Gutane kjøper mange filmar og seriar på DVD. Musikkfilmar som denne, kan det nok vere kjekt å ha på DVD.
Eg roar meg.

Besta sa...

Vi går svært sjelden på kino, ein av grunnane er det forferdelig høge lydnivået. Viss eg går igjen, skal eg ta med øyrepropper. Mamma mia gjekk her tidleg i sommar sidan vi har såkalla "pemierekino", men vi får vel ty til DVD. N. er ikkje så interessert i film,dessverre.

ariel sa...

Eg har ein draum om å sjå musikalen...