onsdag 3. september 2008

Gratulerer Kristine!

Bursdagsfeiring på Golvsengane
i ettermiddag med mange gjestar
og mykje god mat.
Veslejenta er blitt stor 3dje-klassing
og er 8 år i dag.
Humorfylt, aktiv, sporty jente som
held heile familien i ånde.
Med tre eldre brødre har ho tidleg
lært å "hevde sin rett".
Ho er glad i dyr, har fått seg to kaniner
i sommar, er også interessert i hest og
har vore ein del på Evas Ridesenter på
kurs i lag med venninner.
Kjekt å leike med kattungane til
Henning og børste hunden Viktor når
han er her på besøk.

1 kommentar:

Besta sa...

Gratulerer med barnebarnet! Stor og fin jente! Det med å vere glad i dyr trur eg er felles for heile slekta, særleg jentene- i fleire generasonar.Det blir ei bra mengde dyr om vi hadde samla alle hestar, hundar, kattar og kaniner.Ei fin interesse å ha.