torsdag 4. september 2008

Litt av kvart


Hadde besøk av Lappetausa i går - og ho var så imponert over den fine orkidéen som vi fekk med Ørstabesta/besten sist dei var her, at eg fekk lyst å ta eit bilde. Planten står ikkje på golvet til vanleg, måtte ha ein ryddig bakgrunn. Ho var også betatt av 70-tals voksduken på kjøkkenbordet som eg nyleg fekk med Strikkemor då ho hadde funne ut at den ikkje passa i hennar kjøkken!

2 kommentarer:

Besta sa...

Etter at eg vart pensjonist og blei "gåande" heime heile dagane, vart eg meir oppteken av tinga rundt meg.Litt nye, fine potteplantar er ein av dei tinga eg unner med.Og nye voksdukar kvikkar opp. Eg har ganske mange som eg varierer med. Fin duk de hadde fått, den passar sikkert godt i spisekroken.Kjekt at orkideen lever.Dei plar stå lenge og treng lite stell. Tenk-for nokre år sidan var orkidear så eksklusivt at vi knapt hadde sett ein, no er dei på "tilbud" heile tida.

ariel sa...

Eg kjøpte to dyre, gule orkidéar til påske då vi skulle ha dåp her. Eller; eg kjøpte dei helga før, då eg skulle ha venninner på besøk. Begge blomane har stått fint heilt til no, men no hadde den eine begynt å tape seg. Begge vart flytta til det nyoppussa badet der dei får mykje lys - dei skal ha lys, men ikkje sol. Nokre orkidéar eg har hatt har døydd fort, så det er nok kvalitetsforskjel. Kul duk, forresten!