tirsdag 30. september 2008

Tur til Førde

Som de ser har eg endra bloggen min frå vår- til haust-fargar. Headingen er utsikt frå hytta vår. I går var eg til Førde på Mammografi. Besten hadde ikkje høve til å vere med, skal vere vikarlærar 2 dg. i veka på EVG, men eg hadde kjekt reisefølgje av Strikkemor og veslegut. Vi var innom Biltema, SparKjøp og handelshusa i sentrum. Utruleg mykje varer å sjå på. Kjøpte bl.a. ei salatslynge som eg har ønska meg ei stund. Vi kosa oss med biffsnadder på Napoleon, men angra litt då dama ved nabobordet kjøpte torsk m/tilbehør. Kan anbefale denne kafeen i 3dje etg. v/gangbrua. Vi tok ein svipp bort til Lappetausa på heimvegen. Ho venta oss med kaffi og vafler. Lappefar hadde lagt i omnen så vi hadde ei "uneleg" stund.
Bildet er frå Byrkjelo, like før Våtedalen. Snø på toppane - eit sikkert haustteikn.

4 kommentarer:

Besta sa...

Kjekt å lese om turen dykkar.Og så meiner eg du er blitt litt flinkare å gå på kafe? I dag tok eg opp att treninga,så er det trening att på torsdag og til Smerteklinikken i Volda på fredag.DÅ blir det kanskje kinamat på oss. Den er nesten ein tradisjon.

Hildegard sa...

Du veit, eg fekk litt trening i å gå på kafé (pub) i England. Alle måltid med unntak av frukost tok vi på pub. Veldig god mat, billeg og rikelege porsjonar. Frukostane var så mektige at vi stort sett klarte oss med "a pint og beer" eller ein is fram til middagen om kvelden. Buféane på båten var også bra. På dette område var det husmorferie, men det var travelt, mykje gåing når vi ikkje sat i bussen - og sosialt samvær anna enn når vi sov, så det var godt å kome heim att.

Astrid Karin sa...

Høyrest ut som ein koseleg tur til Førde og Lappetausa. Ja, du er ute og fartar både her og der ;) Mine svigerforeldre reiser til England 1-2 gongar i året, og dei nermar seg 80! -Og de er jo berre ungdomar, så... Ser ut som ein flott tur!

ariel sa...

Heilt einig i at det er kjekt å ete ute - faktisk er dette mykje av turopplevinga. Siste par åra har eg begynt å gå oftare på café her heime òg, berre for å slarve med kollegavenninner. Det er veldig kjekt, og mykje meir avslappande enn å be med folk heim.