tirsdag 29. mars 2011

West Side Story

Bildet er frå Wikipedia. WSS er ein musikal frå 1957, fritt tolka etter Shakespear sitt teaterstykke, Romeo og Julie. Musikken er av L. Bernstein, første visning var på Broadway, seinare over heile verda, sist i Oslo i 2006. Historia blir tolka ved tekst, sang og dans. Musikalen blei filmatisert i 1961 med bl.a. Natalie Wood, og fekk mange prisar.
Sist søndag var eg og fleire av damene i familien på matiné i Operahuset på Nordfjordeid og såg/høyrde elevar ved Vidareg. Skule framføre WSS med musikk ved operaorkesteret.
I orkesteret var også 8 unge eidarar. EVS har ikkje eiga musikkline, men vi har ein god kommunal musikkskule og dyktige folk i tilknytning til operahuset som gjer at det muleg å få til ei slik storsatsing. Mange flinke songtalent og skodespelarar/danserar ved skulen. Maria vart spela av Nina Hopland Erviksæter frå Kjølsdalen, Tony av Dan Jøran Hafsås frå Stårheim. Hilde tykte det var spesielt artig med Nina som gjekk i Alleén familiebarnehagen hos henne på 90-talet! Ho har ei vakker sangstemme. Dan er også dyktig, har vore med fleire gonger i Operaen i regi av EVS. Framføringa var på nynorsk og "engelsk/portugisisk", veldig artig. Vakre kjolar og fin dans og gode sangframføringar både av jentene og gutane.

1 kommentar:

Besta sa...

Sikkert ei fantastisk oppleving. Eg er litt flau over at eg enno ikkje har vore og sett operabygget anna enn utanpå. Håper det gir seg ei anledning snart.Eg har så vanskelig for å planlegge noko fram i tid.