torsdag 17. mars 2011

Bakedag

Henning litt småsjuk i dag og kunne ikkje vere med klassa si på skitur, så han har vore her med oss. Han er ikkje vanskeleg å passe, 7 år og flink å styre med Pocemon-kort, kabal på PC-en, TV-titting, DS og litt kortspel og sjakk. Han slår meg som ingenting i sjakk. Innimellom "slaga" har eg baka ein stor porsjon boller og 3 grovbrød. Prøvde meg på rugbrød i dag: sammalt rug fin, sammalt kveite grov og fint kveitemjøl, totalt meir enn 50 % grovt (ikkje korn/kli). Rugen gjer at deiga blir klissete, fann derfor ut at eg skulle "ause" den opp i formene (som ein gjer med Ingers grovbrød). Resultatet vart uventa bra, mjukt og godt.

1 kommentar:

Besta sa...

Då har du vore mykje flinkare enn eg som kun har gått tur og steikt pannekaker. Når eg ikkje har ein skikkelig plan for dagen, blir det opp i ingenting. Brøda dine hørest gode ut, men Nils toler ikkje så godt rug.Eg likar det godt. Elles vil eg helst ha 100% grove brød, og då blir det brød a la Ingers. Nils har teke til å bruke brødbakemaskina igjen, men dei brøda blir veldig fort tørre.