søndag 20. mars 2011

"Plassens venner"






I går var den årlege basaren i Valhall til inntekt for "Plassens venner". Mykje folk og god basarstemning med åresal, lodd på bok, kaffi/kaker og underhaldning av skulemusikken. Kristine og eg var der ei heil stund, Hilde og Henning kom også. Vi vann det flotte fargefotoet av Nordfjordeid skule frå 1968, ein av dei mange gevinstane frå fotograf og foto-doktor Lars Lunde. Mange fine gevinstar frå hobbykunstnarar i trearbeid, Ove Sunde, Inge Gjul og Anders Nordbø. Oddvar og fleire driftige personar har ein god del dugnad for å halde alle husa og Plassen i orden. Som kjent er Malakoff rockefestival der kvart år og fleire andre arrangement. Gå inn på denne linken og les om dette:
http://www.eidaportalen.no/nyhende/item/1650-god-gamaldags-basar-i-valhall.

1 kommentar:

solveig sa...

Det er kjekt med basar. Flott gevinst! Eg bruker helst å vinne småting. Men så er eg der no for å støtte ei sak - og kjøpe kaffi og kaker.