mandag 14. mars 2011

Måløy-tur

I dag var vi tidleg oppe og tok oss ein biltur til Måløy. Fint ver med sol over snødekte fjell, det er vakkert ute ved kysten. Vi var innom Måløy Brygge, kjøpte to persienner til stoveglasa mot vest på Princess, hyggjeleg og hjelpsam butikkdame. Markisene vi har hatt utvendig i mange år er modne for utskifting. Var også innom Fagmøbler ved Måløy Stormarked i Deknepollen. Såg etter nye stolar til spisebordet i stova. Denne gongen er vi kritiske til kvalitet og pris. Klarte ikkje å bestemme oss, fekk bl.a. 15 års jubileums-tilbod på Eiker spisestue, bord med ei ekstra plate og 6 stolar til kr 12.995,-. Lekkert, men kva skal vi eventuelt gjere med det gamle spisebordet? Nei, vi får tenke litt til. Trykkertane i verandadøra vår er kaputt, etter flittig bruk, så Svein såg etter nye hos Byggmakker. Dei råda han til å høyre med dei som har levert døra, Nordvestvinduet AS i Almenning. Det vart til at vi stansa der på veg innover og han fekk nytt sylindersett og vridersett til kr 1.200,-. Dei hadde ikkje betalingsterminal, og vi hadde berre kr 1.100,- i cash, så vi skal sende kr 100,- pr. post! Fin service, men utruleg at vi ikkje berre fekk ein giro med kontonr. Tankelaust av oss å ikkje ha meir kontantar, men eg er ivrig kortbrukar og har sjeldan kontantar.

1 kommentar:

Besta sa...

Kjekt å lese om Måløytur og handling.Får håpe de finn stolar som høver til bordet, for det bordet eg så kjekt! De er heldige som kan ha så stort bord ståande klart. Har lyst på ein tur til Måløy eg også, når det blir varmare i veret. Får ikkje skrive kommentarar på bloggen utan eg går inn på ein annan nettlesar, så no håper eg dette kjem fram.