mandag 1. juni 2009

Pinsehelg på hytta

Utsikt mot innseilinga til Kalvåg og austover mot Frøysjøen frå verandaen til Alfhild og John.

Utsikt søraustover mot Smørhamn, Frøysjøen og Svelgen frå høgda over hyttefeltet.

Utsikt nordvestover frå høgda over hyttefeltet ved Gildreneset mot dei to bruene og Kalvåg.

Gode vermeldingar, så vi tok med oss Kristine og reiste på hytta, då foreldra hadde jobbehelg. Vi var innom Kalvåg på veg utover, der hadde eit tysk filmteam invadert heile staden for å spele inn sin versjon av "Himmelblå", visstnok. Vi møtte nokre kjende frå N.eid som har kjøpt seg ferieleil. i 3dje. etg. i Fossebygget der Jokerbutikken er. Koste oss på balkongen deira med ein kopp kaffi og nydeleg utsikt mot Frøysjøen. På hytta vart det høyslått, mopedkøyring, luftgeværskyting, tur i fjøra, steiking av pinnebrød m.v. Dagen etter var vi på tur bort og såg på hyttefeltet og vegbygging til hyttefeltet ved Gildreneset. Storslått natur. Strikkemor m/fam. kom ein tur i går og Kristine følgde dei inn att i går kveld. Vi reiste inn att i dag, då hadde veret snudd og det var kald nordavind og litt skodde.

4 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Fine bilder frå Bremanger!

arieldog sa...

Hørtest ut som ei koseleg helg! Kristine er jammen heldig!

Besta sa...

Der er jammen fint på Bremangerlandet i fineveret! Vi har vore der ein gong, men tek gjerne ein tur til...kanskje i løpet av sommaren?

Hildegard sa...

Kunne vore kjekt å fått besøk av dykk på hytta i finever. Vi får følgje med på yr.no og snakkast.
Eidabesta