mandag 25. mai 2009

Konfirmasjon


I går feira Ingrid og Lars (fetter) konfirmasjon. Fullsett kyrkje, der alt gjekk rett og riktig for seg. Overasking til prest Terese (og ektefelle-prest) på slutten av gudstenesta, då alle konfirmantane gjekk fram i koret og song "You rise me up" til vakker pianomusikk. Preste-paret skal no flytte attende til austlandet, der dei begge kjem frå, i samband med at eldste barnet deira skal byrja i 1. kl. frå hausten av. Felles-selskap på hotellet, middag og kaffe. Konfirmantane og foreldra delte på presentasjonar, taler og underhaldning. Koseleg og avslappa stemning.
Ein fin dag. Foto av konfirmantane ved hotellet og i Jektehola.

5 kommentarer:

arieldog sa...

Skikkeleg flotte ungdomar! Gratulerer med overstått feiring!

STRIKKEMOR(O) sa...

Så herlege dei var på dette bildet! Synd det blei litt uskarpt...

Hildegard sa...

Ja, eg er plaga med at bilda blir uskarpe. Besten trur at eg ikkje held apparatet i ro, må nok skjerpe meg der. Før var det han som tok bilda, no blir det mest måling på han. Fekk eit fint bilde frå S.I. Legg det inn også.
Mamsen

solveig sa...

Gratulerer med vel overstått feiring! Flott bunad!

LilleMø sa...

Takk for alle helsingar:-) Må berre leggje til at bunaden er konfirmasjonsbunaden min og sølvet er utlånt frå Strikkemor(o). Ingrid har arva farmora sin bunad og sølv. Den bunaden må nok omsyast ein del, men trur vi ventar nokre år før vi gjer det...