søndag 7. september 2008

Fin haust-søndag


I dag har vi hatt veslejenta her, ho er litt småsjuk og foreldra tok seg ein litt lang fjelltur.
Først var vi i Korsen hjå Ivar Os og såg på stallen til hestane til dei to andre jentene vi er besteforeldre til. Dei møkka og stod i før dei tok seg ein ridetur til Vårsætra. Køyrestemne på Hestesenteret denne helga, så vi fekk sjå mange fine hestar. Etterpå henta vi kaninene til veslejenta ned til oss - vesleguten frå Os kom også - så i dag har vi hatt "full uttelling". No er det berre to dagar til vi skal på Englands-tur, så det var kjekt å vere i lag ei stund.

4 kommentarer:

Elin sa...

Nydeleg kanin og jente. Håpar de får ein fin englandstur!

Besta sa...

Fine bilde av barn og dyr.Våre barnebarn er akkurat litt for langt borte til at vi får så mykje kontakt med dei som det de har.Og etter kvart som dei blir større,får dei så mange interesser....
God tur tl England!

STRIKKEMOR(O) sa...

Fine bilder av dei tre dyrekjære jentene!

Astrids malehjørne sa...

Så fint det må vere å ha barnebarna så nær. Koselege bileter du har tatt.

Klem AK