tirsdag 19. august 2008

Sunnfjordtur


I dag hadde eg time hjå augespesialist i Florø. Fin tur over Isane, Ålfotedalen og Svelgen. Kontrollen gjekk greitt og vi reiste vidare innover til Førde. Der var vi bl.a. på Biltema og på kafé. Fin tur langs Jølstravatnet, stoppa på rasteplassen Svidalsneset, stor fin plass med toilett og badestrand. Må trene meg litt med fotoapparatet, tok bilde mot Skei.
Lappetausa var opptatt i dag, så vi stoppa ikkje på Sandane.

2 kommentarer:

Elin sa...

Hadde eg visst om dette, så hadde eg vel greidd å få til noko!

Besta sa...

Det ser ut som om bilda blir fine med det nye apparatet. Sikkert ein nydelig tur i det fine veret.Når vi kjem frå Hareid om kvelden og ser ned til Ulsteinvik og utover øyane, er det noko av det finaste syn ein kan sjå.Men no veks skogen opp der også, så snart ser vi ingen ting frå bilen.Dette er eit problem over alt ein fer.