søndag 24. august 2008

Frukthausting

Fekk lyst å skrive litt på bloggen, men har lite å skilte med for tida. Vi har mange frukttre i hagen, men vi driv ikkje med sprøyting og den slags, altså blir det økologisk. No er vi godt i gong med plomesesongen, det kan nok bli litt i meste laget! Det som imponerer (og bekymrer) meg mest er det store pæretreet. Etter at orkanen i 1991 halverte treet, fekk det likevel ein sjanse til, og vaks seg stort og fint. Tidlegare år har det bore lite frukt, men i år ser det ut til å bli både mange pærer av bra kvalitet. Så viss nokon likar pærer, er det berre å kome og plukke når det lid ut i september.

3 kommentarer:

Besta sa...

Mykje plommer er ikkje noko problem,vi berre frys ned det som ikkje går med etter kvart, så kan vi bruke dei til sylte, dessert, saft etc utover vinteren. Om ikkje VI brukar så mykje, er det alltid nokon som vil ha. Plommer kokt i sukkerlake er god dessert (hermetiske plommer kalla vi det i gamle dagar). Det har også hendt at eg har laga saft.
Kjekt å ha i huset, sjølv om vi ikkje brukar så mykje slikt i kvardagen. Dei pærene høyrest gode ut. Det er mange som lagar sylte av like delar eple, pære og plommer.Eg har aldri gjort det, for vi har mislukkast med pæredyrking.

solveig sa...

Du skulle hatt ei slik juspresse som eg fekk i sommar.(Margrete sin blogg) Ungane her hadde laga av (dyre!) eple og syntest det var kjempegodt. Eg har tenkt å fortelje om den på bloggen. Hittil har eg brukt den kun til billege appelsinar.
Pærejuice får ein kjøpt i Sverige blanda med eple.
Eg har dessverre lite erfaring å vise til, men viss det er vellykka, får frukta bein å gå på!

Hildegard sa...

Ja, ein får kjøpt god pæresider og eplesider på Europris. Kjenner ein som lagar nydeleg råsaft av epler.
Då eg var lita, laga vi sylte av blanding eple/pære. Mykje vart hermetisert på 2-liter glas som vart lagra i kjellaren. Men då vart det ikkje kjøpt hermetikk i butikken, veit ikkje om det var å få? Mykje arbeid for husmora den tida. Eidabesta