lørdag 9. august 2008

Fjorden rundt






I dag tidleg kom Lappetausa med nattbussen frå Gardermoen/Spania. Etter frokost, køyrde vi henne inn att i Gloppen der gubben og minstejenta venta med ryddig og varmt hus.
Besten og eg hadde planlagt at vi skulle nytte høvet og ta turen rundt innfjorden, lenge sidan sist vi køyrde Utvikfjellet. Vi var innom kyrkjegarden i Innvik der Besten har mange slektningar gravlagde. Vi var også opp til den gamle ullvarefabrikken der onkel Mathias var vaktmeister i ein mannsalder. Farmor Amanda jobba der også då ho var ung. I Olden låg det eit stort og flott turistskip ved kai og mange turistar var ute og spaserte i sentrum. I Stryn tok vi turen opp i Kreklingen og besøkte syskjenbarnet til Besten. Der vart det både middag, dessert og kaffi og vi hadde ei triveleg stund. Dei har ein stor flott hage med mange stauder/plantar. Fint ver på heile turen - ein triveleg dag.

3 kommentarer:

Besta sa...

Kor lurt det var å ta denne turen! Og kjekt at de besøkte familien i Kreklingen også.
Eg meiner å ha lese ein stad at Ullvarefabrikken i Innvik i si tid var den største fabrikkbygningen i tre her i landet. Ikkje umulig.I barndommen hadde eg stort sett klede av ulltøy som var laga ved denne fabrikken, både kjolar og kåper.

Besta sa...

PS.Synest det er flott at dei har teke vare på denne staselige bygningen.Det er i grunnen heilt spesielt med ein så stor fabrikkbygning i ei lita jordbruksbygd.

Hildegard sa...

Det kunne nok vore gjort meir, berre nødvendige utvendige reparasjonar, såg forlatt ut. Besten var skuffa over at dei ikkje har tatt vare på det tekniske i bakgården. Eidabesta