tirsdag 1. juli 2008

Prøvetur


Ja, no er raude-jeepen endeleg på vegen igjen etter over eit år i garasjen. Fekk motortrøbbel i fjor, trengde overhaling v/linjeboring, sliping veivaksling og nye lager på spesialverkstad i Tr.h. Vi hadde ein fin hausttur over fjellet til Tr.h. i fjor med motoren, returen vart ordna av Tenden Transport. Monteringa måtte vente til den skada skuldera til Besten var betre, men no er det altså gjort. Øyvind og Besten på prøvetur i ettermiddag. Vi har hatt mykje nytte av denne bilen, bl.a. henting vinterved på Rognes og køyring avfall til miljøstasjonen i Leivdalsmona. Dessutan er han veteran - opprinneleg den gamle brannbilen i kommunen som Besten har bygd om og hatt mykje arbeid på tidlegare også.

2 kommentarer:

Besta sa...

Tippar de vekkjer oppsikt når de køyrer rundt i denne? Men litt moro skal ein ha! Svein hugsar sikkert den små raude lastebilen som vi kalla fyrstikke-dåsen.Trur det var Lillestøl på fiskebuda som eigde den.Det putra og small når den for gjennom gata og gneistane stod ut eksosrøret.Kom til å tenkje på den då eg såg dette bildet.Elles las eg i Sunnmørsposten i dag om Irene Wedvik og boka hennar. Veit ikkje om de såg det? Elles er alle ungane våre no samla i Ørebro.

Hildegard sa...

Vi har lite tradisjon i å gå på opnings-utstillingar, premierer m.v. Måleriutstillinga har siste dag laurdag 4.7., kanskje vi ser den. Boka blir å få kjøpt i bokhandelen også.
Eidabesta