søndag 11. august 2013

Bergens-tur i fint vêr.

Utsikt til Bryggen frå den "nye" Fiskehallen

 
Mange turistar på Bryggen

Denne veka var vi ein liten tur til Bergen, køyrde Øyvind som var ferdig med ferien sin.
Vi overnatta i leilegheita til Stein og Margunn i Vikensgate, Danmarksplass,
der Stig, Renate og Øyvind bur. Ein triveleg plass, sentralt til Haukeland og bykjernen,
like ved Bybanen.  Vi "gjorde" sentrum med m.a. Byparken, Fisketorget og Bryggen eine dagen i strålande sol. Også fint å gå i den nye Næringsparken i Solheimsviken der BMV bygde båtar i 130 år. Full renovering i dette området som ligg like nedanfor Vikensgate.


2 kommentarer:

Besta sa...

Kjekt at de fekk denne fine turen på tampen av sommaren. Fint i Bergen i finevêret. Går ut frå at de ikkje handla i fiskehallen? Skal visst vere relativt høgt prisnivå der.

STRIKKEMOR(O) sa...

Ekstra kjekt med fint vêr!