tirsdag 20. august 2013

Kongsberg-tur over fjellheimen.

Bitihorn


                                Utsikt nedover mot Beitostølen


Sist veke gjekk turen til Kongsberg for å besøkje Ingrid, barnebarnet vårt. Vi køyrde over Sogn-Hemsedal-Gol-Geilo-Kongsberg, så det vart litt lengre enn Gol-Hokksund-Drammen - som vi ofte har køyrt. Det var ein fin tur i vakkert høgfjell i nordlege del av Hardangervidda. Har dessverre ikkje bilder frå nedoverturen.
Heimover køyrde vi Valdresflygja i strålande ver. Der var dei i gang å leggje ny asfalt. I sommar har vi tatt tre turar i Sør-Norge og det har vore mykje vegarbeid, så det er nok feil å seie at det ikkje blir investert i /på vegar her i landet. Problemet er vel helst at det tek lang tid med planlegging, ekspropriasjon m.v., så dei må halde trykket oppe heile tida. Turen  til Sørumsand for å besøkje fetter og kusine m.fl. av Svein, tok vi i midten av juli. Då køyrde vi Gudbrandsdalen nedover og Kongssvinger-Elverum-Hamar heimover,         Siste to somrane har vi halde oss heime, berre turar til hytta ved havet, så vi har tatt igjen mykje i år.

1 kommentar:

Besta sa...

Kjekt å lese om turen dykkar. Det du skriv om vegar er heilt sant. I mange år har vi køyrt vegen over Hemsedal og følgt med i det som han skjedd på den strekninga. Ikkje minst i Lærdal. Synest det var kjekt at de hadde besøkt Rasmus. Håper vi kan ta ein tur om ikkje altfor lenge.