tirsdag 27. august 2013

Nye tider


I går fekk vi fjerna granhekken mot naboen i aust. Mykje arbeid med ein slik hekk og han var byrja å vekse oss "over haudet". Det var populært å plante denne typen hekk av Siktagran for 40  år sidan. Det vart litt rart, og vi føler oss litt ribba no, men må berre venje oss til at det er nye tider. Det blir nok problem for skjorene til våren. Dei lyt finne seg ein ny hekk for reira sine. Granhekken blir vel erstatta med eit lavare plankegjerde med tid og stunder.
Vår gode nabo i aust skal byggje garasje/vedbod ned mot carporten vår, langs med grensa til innkøyrsla. Han treng ein stad å stå under tak og jobbe, for han har ved som hobby no etter at han vart pensjonist. Kjekt at karane har noko å styre med. Svein har ein veteranbil m.m. som han jobbar med i garasjen sin.

1 kommentar:

Besta sa...

Slik er det, etter kvart må ein "forenkle litt både ute og inne. Betre med ingen hekk enn ein som ein ikkje klarer å halde veltrimma. Dessutan vert granhekkar også for gamle, og mindre vakre med åra. De kjem nok til å sakne den ei stund, før deblir vant til forandringa.