lørdag 5. november 2011

Laurdags-tur til Innvik

Geilemyrane
Heggdal-støylen
Utsikt ned til Innvik og over fjorden til Røberg
Liatunet

Svein har lenge hatt lyst på ein "guida" tur til Innvik, så Lise og Kjell inviterte oss med på tur i dag - som ei "avslutning" på 70-års feiringa hans. Vi køyrde først opp til Liatunet, ein gamal gard med fleire restaurerte bygningar som er overtatt av Stryn kommune. I sommar-halvåret er det fleire aktivitetar/arrangement på denne garden, og ein kan leige huset på bildet til selskap etc.
Vi køyrde også langt opp i fjellsida på skogsvegen mot Lyslo-støylen. Før i tida var det ein tung og lang sætreveg opp dit. No er det berre eit kort stykkje å gå opp til støylen frå skogsvegen - men den turen får vi ta ein annan gong. Storslått utsikt ned til Innvik-bygda og over fjorden til Øvre (og nedre) Røberg der Mattis Isakson Røberg, oldefaren til Kjell og Svein, kom frå. Vi såg også ut til Heggdal-støylen der mor til Lise var budeie i gamle dagar.
Vegen opp til Geilemyrane er lagt om, og siste stykket er strak og bein. Dei gamle husa hos naboen, "Johansane", er borte, og det er bygt 2 nye hus nedom vegen (ikkje med på bildet). Det gamle bustadhuset til Johannes og Herborg stod omtrent der den raude garasjen til høgre på bildet er no. Hos Marianne og Arild fekk vi nydeleg hjortegryte, kake og kaffi, og det var kjekt å få treffe dei tre aktive døtrene deira, Lene, Heidi og Thea. Takk for ein kjekk dag!

3 kommentarer:

Besta sa...

Spennande tur! Eg veit kvar denne garden ligg. Ein ser den frå Heggdal, der eg var ein del i min barndom. Kjekt med turar når veret er bra. Her er vi "fullbooka" dei to nærmaste vekene, og så blir det å førebu jula...? Dagane og vekene, for ikkje å snakke om åra, går så altfor fort.

Besta sa...

Eg blir nesten misunnelig på den fine turen. Har vore på støylen mange gonger som barn/ungdom og hugsar vegen som tung og bratt. Litt rart at huset til Johansane er vekke. Dei siste gongane vi var til Innvik og hadde mamma med oss, var det mest der vi var.Søskenbarna i dei to husa var meir som søsken,så når Matias og Anna var borte var det hos Johansane mamma trefte jamaldringar.Kjekt at de held kontakta med slekta, vi har ikkje vore så flinke til det. Men så må vi "reise" litt meir for å treffe borna våre.

solveig sa...

Synest det var noko som mangla. Huset til Johansane altså! Artig å sjå bilde frå Innvik der vi var kvart år før i tida.