tirsdag 8. november 2011

Vakkert haustvér




Når vi passer Mira blir det ofte til at eg går ein luftetur med henne, gjerne om Stadion/Øyane/Malakoff/Småbåthamna, der er det fredeleg og lite trafikk. Etter å ha steikt seikaker av resten av fisken frå forrige leveranse frå vår kjære svoger i Ørsta (har fått ny leveranse!), gjekk vi den vanlege ruta i nydeleg haustver. Sola er vekk på denne sida av dalen, burde sjølvsagt tatt turen opp i Myklebuståsen, men det får vi ta ein dag Besten kan vere med. Han likar å få fred å jobbe med veteran-prosjektet sitt i garasjen. Kjekt å kome heim til ferdig middag og ei god kvild på sofaen med lydbok etterpå.

3 kommentarer:

Besta sa...

Fiskekakene såg gode ut. Brukar du Wenche si oppskrift? Det er den eg brukar no. Eg har gått over til å varme fiskekakene i steikomnen når eg tek dei opp av frysaren, synest dei blir best då. NESTE gong vi kjem til Eid må eg prøve å få gått den turen i Malakoff, ser at der er store forandrungar sidan eg gjekk der sist.

Hildegard sa...

Denne gongen brukte eg oppskrifta til Lars Barmen frå boka "Norsk Mat". Reduserer veskemengda når eg brukar frosse/tina fisk, litt hakka løk, brukar foodprosessoren når eg lagar små mengder.
Eidabesta

Besta sa...

Eg brukar også foodprosessoren når eg lagar små mengder. Lagar helst ikkje så mykje i gongen, fiskemat er best nylaga!