søndag 5. juni 2011

Søndags-tur

Foto tatt frå Os-brua mot elvaosen i vest. Stor vassføring og trangt i utløpet.

Hesteskokasting på grusbana bak Valhall.

To av dei mange bilda på skiltet ved Valhall:

I dag har det vore ein fin dag, sol, vindstille og brukbar temparatur. Tidlegare i veka har det vore mykje synnavind og regn. Det vart til at vi tok oss ein spasertur gjennom Malakoff, bortom elva og prata Ole Kr. Sjølefolket + Henning var på fotball-turnering i Hornindal. På grusbana bak Valhall var det turnering i hestesko-kasting. No er det komt eit nytt stort skilt ved gangvegen mellom Valhall og hotellet, med bilder frå gamle dagar og nokre litt nyare, mykje interessant. Det er bilder på begge sider av skilta med tekst på 3 språk. Eg tok foto av to av bilda denne gongen. Det er vel verd å ta turen bort dit og studere alle bilda. Eg har vel blogga det andre store skiltet som står nede ved scena tidlegare. Fint å parkere, spasere og ha picnic i området.

1 kommentar:

Besta sa...

Koselig med bilde frå Eid. Har ønska meg ein spasertur i Malakoff m.m. og no trur eg kanskje at eg kan greie det.Du veit at vi budde i desse traktene i fem år.Dei åra av barndommen eg hugsar best. Håper på betre ver.