onsdag 8. juni 2011

Hagearbeid

I dag har vi hatt ein strålande fin dag med god varme i lufta. Vi har lenge hatt lyst til å fjerne det gamle epletreet som var her då vi overtok eigedomen etter besteforeldra til Svein på slutten av sekstitalet. Det blomstrar så fint om våren, men epla er det lite stas med, meir til irritasjon. Det skal få endå ein sjanse, så i dag har Svein saga det mykje ned, så får vi sjå om det er liv laga. Dette er det siste av dei gamle trea i "bestemorhagen". Elles er det alltid eit kvart som skal gjerast ute når veret er bra. Berre synd at det er så få fine dagar og at alle må nytte høvet å klyppe plen slike dagar. Som pensjonistar kan vi nyte freden tidleg på dag, så vi skal ikkje klage, men hugsar at det ofte var trasig den tida ein var i jobb og ville kose seg ute på ettermiddagane og kveldane.

1 kommentar:

Besta sa...

Akkurat det du skriv om plenklipping stod eg nettopp og sa til ein nabo. I kveld for Nils ut for å fiske og eg skulle kose meg med lydbok på altanen, men det var ikkje råd.Vi måtte fjerne eit plommetre i år igjen, det hadde ikkje tolt vinteren.Nils kom heim med 44 makrellar i dag.