torsdag 23. juni 2011

Jonsokfeiring i Os-fjøra

Koseleg jonsokfeiring i tradisjonell stil. Vi var som vanleg mange, sjølv om vi mangla Ole, Stig og Hans. Her er det restar av kaninburet til Stein Inge som går opp i flammar. Vi fire besteforeldra fekk sitje godt og varmt i kasserte sofaer, godt at Oddvar har god plass i naustet. Vi feira etterpå-bursdagen til Hilde med kanelsnurrar, sjokoladekake og grillmat.

3 kommentarer:

Besta sa...

Koselig jonsoktradisjon-og særlig når ein er så mange. Her brydde ikkje ungane seg med å fare ut, ville vere inne i det nokså gufne veret. Jonsok vert ikkje så mykje feira her som på Eid.

solveig sa...

For andre år på rad, stod vi over jonsokfeiringa. I år skuldar vi på veret. Triveleg når ein har sin eigen stad!

Hildegard sa...

Vi hadde tradisjon å brenne bål i fjøra i Torvika då eg var småjente - oftast i lag med folk frå nabogardane, gode minner.