onsdag 4. august 2010

Bad - steg 2

I dag har vi hatt rørleggar og fått montert doen, så no slepp vi å springe opp eller ned trappene. Ein del finish manglar endå. Møblane er snart klar for montering etter fleire strøk måling - gjenbruk av Espe-møblar, god kvalitet. Kjekt å vaske kle i den nye heilautomatiske maskina. Den gamle halvautomatiske Zanussien har stått i 2. etg heile tida sidan vi kjøpte den i 1996. Har slite ut to slike maskiner + eit par til. Mange år sidan eg hadde tørketrommel, så det er luksus, men kjem nok til å bruke den berre til handdukar etc. så lenge straumen er så dyr...
Det er alltid eit kvart som må kostast. No var det nytt eksosanlegg, bakre del på Mondeoen som måtte skiftast. Litt rust her og der som Besten jobbar med - ny EU kontroll til neste sommar. Tenkte vi skulle unngå å skifte bil til då. Bilen er god nok til vårt bruk, men 15 år er no ein bra alder.

2 kommentarer:

Besta sa...

Gler meg til å sjå det nye badet.Vi har hatt berre heilautomatiske vaskemaskinar i mange, mange år. Tørketrommelen brukar vi lite, delvis på grunn av straumforbruket, men også fordi vaskemaskina sentrifugerer for dårlig. Og så elskar eg knallharde haddukar som har tørka ute...det er eg kanskje åleine om.

Hildegard sa...

For å unngå vibrasjon ved sentrifugering på tregolv, har vi hatt halvaut. mask. i 2. etg. No er nok maskinene blitt så godt balanserte, at dei ikkje rister så mykje som før. Vi har støypt plate i 1. etg. (som Nils hjelpte oss med). Hilde bhg. og seinare Margunn hadde heilautomatiske i kjellaren her.