onsdag 28. juli 2010

Litt av kvart i juli.








Den nye vaske/tørkeavdelinga er klar på badet. Vi har prøvd at det fungerar med skøyteledning, ventar på elektrikar og rørleggar for å bli heilt ferdige. Møblane er nesten ferdig pussa og malt. Hadde meg ei lita hagevandring i dag. Gledeleg at nokre av rosetrea kom seg føre etter den harde vinteren. Har sprøyta med heimelaga lusemiddel iflg. Grønn glede 2010 - Rosebed - NRK Nettv. Hekken klypte Øyvind i går (også på den andre sida hos våre nye landsmenn). Vi sit mykje i hagestova og Svein har laga ei blomsterhylle som skjermar litt innsyn frå vegen i vest der det er mykje trafikk både av bilar og folk.
TV-skåpet er ferdig med måleri på begge sider av døra. Verandaen er fin på føremiddagane og til soling, vestavinden tek litt der. Det gamle plommetreet som skjermar for verandaen er frodig og fint, pynta litt med stemorsblomster då stammen er litt lang og naken.

3 kommentarer:

solveig sa...

Det TV-skapet har eg verkeleg sansen for, både klokka og måleriet!

Besta sa...

De er heldige som har så stort bad at også vaskemaskin og tørketrommel får plass.Eg skulle ønske eg slapp å ha vaskerom i kjellaren no når eg er gammal. De har mykje fint i hagen, og gode uteplassar.Vi brukar mest altanen til soling der er vi heilt usjenerte. Det var godt vi fekk litt sommar til slutt, men vi er mykje plaga med skodde, trur det er mindre av det på Eid.

Lappetausa sa...

Kjekt innlegg frå Eid. De grislar på med noko heile tida, og dette er jo ting som ein ser resultatet av også.