torsdag 26. februar 2009

Første soldagen i Alleen

"Soloppgang" kl 12.30 i sør

I nord - Myklebuståsen mot Fossane, der dei har hatt sola lenge.

Vi skulle hatt sola her for ei veke sidan, men det har vore dårleg ver, så først i dag fekk vi sjå henne på Hildegard i år. Vanlegvis er første glimtet av sola i Os-gjølet, men no kliv ho heile fjellet frå Trollenykjen. Ein blir lettare til sinns med ein gong. Må nok ut og nyte dagen. Rømmegraut til middag - to dagar forsinka frå feitetysdag.

3 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Sikkert herleg med sol i dag, gratulerer! Her må vi nok vente i litt over ei veke enno....

Besta sa...

Herlig når sola og lyset kjem att. Vi har no "hatt sola" i over ein månad her vi bur, men ikkje sett så mykje til ho i det siste. I dag var ho så vidt framme.Håper du og Svein kan bli med jentene oppover neste fredag? I morgon kjem Solveig med fam. på besøk.

solveig sa...

Vi fekk og sjå litt av sola i dag. Eg pussa vindauga i går så det passa bra. Moldensarane vart overraska over fint ver på Sjøholt. I Molde er det vinter.