onsdag 4. februar 2009

Bursdag og horoskop

Mange bursdagar i familien for tida. I dag er det Strikkefar (svigerson) som har bursdag.
I morgon er det systera mi, Anne Marie. Gratulerer begge to!
Det betyr at vi har mange "vannmenn" i familien. Iflg. horoskop eg har lese, skal dei passe godt i lag med "tvillingar", så det skulle i alle fall vere full klaff for Strikkemor? Mor og far var også vannmann og tvilling, og det gjekk veldig bra i 64 år.
Var usikker på om Strikkefar aksepterte bilde i bloggen min, men så sa Strikkemor at han er så ofte i avisa, at det skulle ikkje gjere noko. Bildet er nokre år gamalt, men eg tykkjer det viser Strikkefar på sitt beste - glad i familien sin og katten. Dessutan likar han godt å vere ute og brenne bål i Os-fjæra og gjere det koseleg for oss andre i familien. Tusen takk for det! Vi gled oss til ein ny bålsesong.

3 kommentarer:

Besta sa...

Vi sender helsing til og gratulerer begge to! Det med horoskop har eg berre sånn passelig tru på, men det kan vere artig å lese.Her i huset er vi Skorpion og vær, det går også bra-for det meste.
Nydelig bilde, forresten, men det ser veldig kaldt ut. Råkaldt her i dag, vi ventar på snø.

Hildegard sa...

Her er det Skorpion og Tyr og det skal visst nok ikkje vere den beste koblinga, men vi har vel slipt kantane av kvarandre gjennom 45 år - og bonusen er mange kjekke barnebarn og ein roleg og fin pensjonisttilværelse.
Eidabesta

Elin "The quilt maiden" sa...

Morosamt bilde! Eg er tvilling om omgir meg med berre krepsar, veit du noko om den kombinasjonen?