torsdag 22. januar 2009

Gratulerer oldemor Astrid med 89 års dagen!

Koseleg bursdagsfeiring på Eid Eldretun i ettermiddag/kveld.
Andersenkake og lefser frå Eid Minibakeri (tidl. Smørdal og Rasmussen).
Mor Astrid har vore ei god mor og bestemor og har alltid tenkt på oss andre først.
Det er lett å bli glad i henne, syting og klaging er ikkje hennar stil.
Ho er så takksam for at ho har godt stell og snille hjelparar på aldersheimen.
Bildet er tatt av Kristine i fjor sommar på balkongen til aldersheimen.
Det er også ho som har perla hjartet og pynta gåstolen.

4 kommentarer:

ariel sa...

Det var verkeleg eit blinkskudd!

Hildegard sa...

Ja, artig at mor framleis har kjolen som ho "arva" etter Amanda, konf. Besta sin blogg!
Eidabesta

Besta sa...

Hadde mamma visst at Astrid skulle arve kleda hennar, trur eg ho hadde vore veldig fornøgd med det.EG synest det er veldig koselig å sjå.

STRIKKEMOR(O) sa...

Koseleg bilde, og kjekt at ein kan arve kle etter kvarandre!