torsdag 12. februar 2009

Lydbok

William C Gordon
Er nett ferdig med lydboka "Summen av dagene ", siste boka av Isabel Allende (66 år), lese av Anne Marie Ottesen. Første boka eg har lese av henne, men har sett filmen "Åndenes hus" eit par gonger. Boka var veldig personleg (biografi) og underhaldande, fekk lyst å lese fleire av bøkene hennar, iflg. Wikipedia har ho skrive 16 bøker til no. Ho er sambuar med William C Gordon, som er hennar "store kjærlighet" gjennom dei 20 siste åra. Han er advokat, men skriv også bøker på sine eldre dagar (han har eg googla). Dei bur i eit nytt "Åndenes hus "i California.

4 kommentarer:

Lappetausa sa...

Då vil eg anbefale Paula, ei sjølvbiografisk bok, veldig sterk, eg har den ein eller annan stad. Ho er ein av mine favoritt-forfattarar! Summen av dagane har eg i bokhylla, men har ikkje hatt guts til å lese ho endå.

ariel sa...

Ho er fantastisk! Likte godt "Eva Luna forteller", men har vel eigentleg likt alt eg har lese av henne.

Besta sa...

Eg er også begeistra for Allende, særleg likte eg godt Åndenes hus. Dessverre har eg ikkje funne så mange lydbøker av henne.Den du nemner her har eg ikkje lese. Elles er eg håplaus til å hugse boktitlar.

Hildegard sa...

Kanskje eg får låne "Paula" (1995) av Lappetausa. Denne siste boka skriv ho til dottera Paula som døde før ho var 30 år av porphyria, ein arveleg blod?-sjukdom. Til Besta: På Wikipedia får du opp alle boktitlane hennar.
I og med at ho er på vår alder, er det lett å kjenne seg igjen i det ho skriv.
Eidabesta