tirsdag 4. november 2008

November

I dag er det fint haustver etter mykje regn, vind og kulde i fleire veker. I forrige veke rydda vi litt i hagen og dekka til rosene. Fire roseknoppar såg ut til å ha overlevd kulden, så eg tok dei inn. Er spent på om dei vil folde seg meir ut enn vist på bildet. Besten tok seg ein tur på sjøen i dag og eg puslar litt i huset. Eg skal ha to "nattevakter" hjå veslejenta - far har tre nattevakter på rad og mor har innspurten (siste veka) i Førde. Start på garasjebygginga hjå sonen i går, ikkje lenge gjort å få støypt grunnmuren for fagfolk. Dagane fyk av garde, sjølv for pensjonistar, men aktiviteten er heller ikkje så stor som hjå den yngre generasjonen. Ynskjer alle ei god veke.

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg synest dei er heldige som har deg. Du stiller opp for alle. Og eg synest du er heldig som har tid og helse til å vere til så god hjelp.Eg kan ikkje gjere alt eg vil, men jammen fyk dagane av garde likevel.Då eg var ung var det fryktelig langt mellom helgane. No kjem jula litt for ofte!

Anonym sa...

det var kjempe fint !!!