mandag 17. november 2008

Nyinvestering



I dag monterte Ole Ivar Brekke i Brekke Energi og Kraft varmepumpe i "spisestova" vår. Han er kjend for å vere flink, har aner frå Heggjabygda! Det skal bli godt å få litt stabil varme i huset og heller spe på med vedfyring når det trengs. I og med at det er oppvarming vi treng varmepumpa til, anbefalte han oss å montere den lavt, ho vart derfor plassert under vinduet. Vi kan regulere varmen til TV-stova og kjøkkenet ved å ha åpne eller stengde glassdører.

7 kommentarer:

solveig sa...

Gratulerer!
Den kjem du til å bli glad for/i. Vi har hatt vår nokre år, og veden vert mykje drygare. Vi gjekk ned 5000 kWt første året, men no sig det sakte oppover alt etter kor mange som bur heime. Uansett så har vi sikkert spart den inn att, og vi har ein betre varme enn med panelomnar som er mykje tregare.

ariel sa...

hørtest deilig ut, ja! Eg er fæl til å fyre, og det blir mykje rusk med den vedfyringa.

Besta sa...

Gratulerer med varmepumpe! Håper de blir like fornøgde som vi er med vår.Ser at den er montert lavare nede enn det vår er, eg synest det er finare, men han som monterte til oss ville ha den så høgt. Ein venner seg til alt.Vår er av merket Toshiba.

Hildegard sa...

Takkar for kommentarar:
Eg er blitt fortald at for dei som har eigen vedaskog løner det seg ikkje med varmepumpe. Men då må ein sjølvsagt ha helse og tid til å jobbe med ved. Enig i at det blir ein del rot med all veden, men det er koseleg med vedafyring. Når våren kjem og vi sluttar å fyre i omnen, saknar eg denne kosen. Då må vi i Os-vika eller på hytta å brenne bål.
Eidabesta

STRIKKEMOR(O) sa...

Gratulerer med nyinvesteringa! Håper de blir fornøgde med den!

steininge sa...

Dette ser bra ut. Før var det paraboltalerken folk tykte var stygt. Det gjekk over. Slik vert det vel også med varmepumpe.:D !!!

Besta sa...

Frå teikneformingsundervisninga på lærarskulen sit det att ei setning:"Vakkert er det som tjener sin hensikt"- og det gjer både paraboltallerken og varmepumpe, så då så......